Labyrinthia

(Skrevet av Kaia Ingeborg Aardal)

Ei velordna overflate, eit skjult indre liv…

Geografi:
Labyrinthia er ei låg øy med stor utstrekning. Ho er snaubeita av sauer, og dei høgaste punkta på Labyrinthia er dei spisse sypresstrea som veks her og der. Sommaren er lang og tørr.

Busetjing:
Hovudnæringsvegane er vindruer, sauehald og olivenolje. Labyrinthia har to større byar og mange små gardar. Dei to byane heiter Patan og Stura.

Styresett:
Patan er ein bystat som er styrt av eit råd, og Stura har ein fyrste. Patan er ein gjestfri og open by, men Stura er stengt for alle framande.

Befolkning:
Storparten av befolkninga er bønder og gjetarfolk, som bur spreidd omkring på øya. Av byane er Patan den største i foketal. Bøndene på den Labyrinthiske landsbygda er stort sett fredelege og arbeidsame folk. I Patan er det kultur for musikk, lyrikk og akademiske syslar. I Stura er det meir fokus på fysisk fostring som bryting og ridekunst.

Viktige personar: 
– Vridd Tesor er Patans fremste matematiker, alkymist og filosof. Han er eksentrisk og myteomspunnen, og det fins mange historier om at han vandrar ute blant folk utan å gje seg til kjenne som den han er.
– Abela Wilder sitter i byrådet i Patan, og er i tillegg overhode for ein av Patans mest framgangsrike handelsfamiliar. Ho blir ofte sett i bybildet i Patan, muntert konverserande med ein dhrall som berer på ei heftig bunke pergament eller ei av Abela Wilders siste invisteringer. Wilder-familien har ein heilt utruleg flaks og teft.
– Fyrst Tansar er regent i Stura. Han er ein velkjent figur, forguda av tilhengarar og demonisert av motstandarar. I hans regjeringstid har det blitt bygd opp svært effektive forsvarsverk rundt Stura, og kvar dag er han ute og trener med Stura sin rytterhær. For sju år sida døydde dronninga under ein vanskeleg fødsel.
– Den sju år gamle fyrstedottera Trasa er ofte ute på ridetur saman med faren, og ho skal visstnok vere eit modig og klokt barn.

Handel og produksjon:
I byane fins det ei gruppe menneske som lever av handel, både innad på øya og med andre øyer. Blandt desse finst dei mest velståande på Labyrinthia, men reisene er farlege, og mange har mista alt til forlis eller piratar… Handelen gjer at det er mogleg å få tak i sjeldne varer på Labyrinthia, og det er eit yrande liv på marknaden i Patan. Der kan ein kjøpe fargestoff og krydder frå heile Terrustor, om ein har trullar til det. Dei varene som er typiske for øya er vin, olivenolje og fint ullstoff.

Historie: 
Dei eldste skrivne kjeldene er sju hundre år gamle. Dei beskriver labyrintar som var gamle alt då, og som hadde blitt bygd som vern mot magistormar. Desse labyrintane strekker seg under overflata over heile øya. Dei er så store og forvirrande at folk lett kan forsvinne for godt der inne. Det fins beretninger om skattar som ligg gøymt der inne, og truslar utan namn som lurar inne i mørket…

Patan og Stura har vore i krig mot kvarandre fleire gonger. Stridighetene var langvarige. Forholdet mellom dei to bystatane er anstrengt, sjølv om det er lenge sidan det har vore blodsutgyting. Sist det var magistorm, for 96 år sidan, vart Patan hardast råka. Fyrstinna som den gongen rådde over Stura sendte både folk og dhrallar for å hjelpe til med gjenoppbygginga av Patan. Dette betra forholdet mellom dei to bystatane, men mistrua er der framleis.

Lause endar:
Stemmer det at det gamle byarkivet frå Patan ligg gøymt i den underjordiske labrinten? Er et sant at folket frå Stura leier 12 bakbundne ungdomar inn i labyrinten kvar gang det er fullmåne? Er det riktig at Vridd Tesor i løndom har laga tidenes beste navigasjonsinstrument? Og har han gjort det på oppdrag frå det Sturanske fyrstehuset? Stemmer ryktet om at unge Trasa hadde ein tvilling, som også var levandefødt? Kva skjedde i så fall med dette barnet? Stemmer det at Abela Wilder ikkje bare hamstrar mat og varer i påvente av neste magistorm, men at ho også veit når stormen vil komme?